Arktisk kyrkje mot framtida

Svalbard Kirke markerte jubileumsgudstenesta ute like ved tomta der den første kyrkja sto.
Svalbard Kirke markerte jubileumsgudstenesta ute like ved tomta der den første kyrkja sto. Sokneprest Siv S. Limstrand fremst saman med Samuel Bergman. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Svalbard Kirke er 100 år. Jubileet er ei gyllen anledning til å tenke over kva kyrkja skal vera, korleis den kan bygge bruer i eit delt samfunn, meiner sokneprest Siv S. Limstrand.

Sokneprest Siv Limstrand kjem først i følgjet over tundraen i den gylne augustsola. Ho stoppar like ved tomta der Longyearbyens første kyrkje sto. Høgare makter har naturleg nok lagt alt til rette denne laurdagen. Regnet har teke seg ein pausedag, vinden òg. Til og med teknikken fungerer under den blå himmelen.

– Alt har gått så bra me kunne tenkt oss. Det var feiring og takk både til Vårherre og lokalsamfunnet, og det var refleksjon. Eit slikt jubileum er ei gyllen anledning til å tenke gjennom kvifor ein gjer det ein gjer, seier Limstrand til High North News to dagar seinare.

I takt med samfunnet

Kyrkja på Svalbard har utvikla seg i takt med samfunnet. Då Vår Frelsers kirke vart vigsla, var Longyearbyen ein «company town» styrt av gruveselskapet Store Norske. Presten skulle forkynne, støtte folk i sorg og glede, og vera lærar. Den første kyrkja fekk difor eit tilbygg for skulen. Det vart òg gitt ei boksamling til kyrkja, så slik sett vart dette byens første bibliotek. 

Den første kyrkja brann ned under 2. verdskrigen. Då dagens kyrkje vart vigsla i 1958, romma den òg meir enn forkynning. Den vart ein stamlingsstad med anna filmvisningar, danseskule og mekkeverkstad i underetasjen. No har det vakse fram eigne rom i byen til mykje av det som før hendte i kyrkja. Det er bibliotek, skule, idrettshall og kinosal.

– Det viser korleis samfunnet har endra seg, ansvaret er fordelt meir utover, seier Limstrand.

Svalbard Kirke markerte jubileumsgudstenesta.
Vêrgudane var òg med kyrkja denne laurdagen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Vêrgudane var òg med kyrkja denne laurdagen.

– Kva gjer det med rollen til kyrkja?

– Me vil bruke dette jubileet til å tenke over kva Longyearbyen treng kyrkja til, no som me har det mangfaldet me har. Korleis kan me vera brubyggjar i eit delt samfunn? Korleis kan me invitere på ein slik måte at me kan binde byen saman på nye og andre måtar og skape forståing mellom folk, slik at fleire kjenner seg heime? spør Limstrand.

Ho legg til at dei er i gang med å sjå på dette saman med kyrkjerådet og andre frivillige.

Heile hausten er via til jubileumsmarkeringar. Dette vil vera tema på eit seminar i november. 

– Fortsette å dele

Dei siste ti åra har andelen utlendingar i Longyearbyen auka kraftig. Over 50 nasjonalitetar er representert i byen. Medan folk som jobbar statleg og offentleg har rimeleg bustad, gjerne fri bil, gode løningar og ordningar, kan det vera vanskeleg å få endane til å møtest for fleire av dei som jobbar på golvet i privat næring. Under korona-pandemien vart ulikskapane ekstra synlege.

Folk møtes på andre premissar her.
Sokneprest Siv Limstrand

Limstrand fortel at i samband med eit bryllaup i kyrkja, kom det fram at ei bestemor hadde fortalt familien at før krigen var det ikkje nokon som mangla noko på Svalbard. Her delte dei det dei hadde.

– Det er ein gyldig visjon tenkjer eg. Korleis kan me fortsette å dele her som det er så store forskjellar og det blir gjort stor skilnad på folk? spør soknepresten.

Ho meiner det er viktig at Svalbard Kirke er kjend for å vera open og ha låge tersklar. 

– Folk møtes på andre premissar her, seier ho.

Viktig beredskapsjobb 

Dagen etter jubileumsgudstenesta var Limstrand med på minnemarkeringa etter Operafjell-ulukka. For 25 år sidan krasja eit russisk passasjerfly i Operafjellet like utanfor Longyearbyen. 141 personar døydde i det som er den største flyulukka på norsk jord.

Vor Frelsers Kirke paa Spitsbergen sto der som Formannshuset står i dag, den midterste bygningen bak i biletet.
Vor Frelsers Kirke paa Spitsbergen sto der som Formannshuset står i dag, den midterste bygningen bak i biletet. Dagens kyrkje ligg bak til høgre for den. Den sto klar i 1958. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Vor Frelsers Kirke paa Spitsbergen sto der som Formannshuset står i dag, den midterste bygningen bak i biletet.

Kyrkja er ein viktig del av beredskapen på Svalbard. Når ulukker skjer er det langt til familie og anna støtteapparat. I tillegg kan presten vera samtalepartnar for folk som har behov for støtte.

– Me skal vera ein tydeleg del av beredskapen. Det samfunnsoppdraget er tydelegare her enn på fastlandet, seier Limstrand. 

Universell

I kommunikasjonen om Longyearbyen blir det stadig presisert at styresmaktene ynskjer å auke andelen nordmenn. Dei kjøper opp eigedommar og foreslår å fjerne retten til stemmerett for innbyggjarar som ikkje har budd i fastlands-Noreg.

– Får kyrkja òg føringar knytt til dette?

– Tvert imot. Me hentar opp katolske og ortodokse prestar til dei utanlandske samfunna på Spitsbergen. Det vil forundre meg om tildelingsbrevet vårt blir endra. Kyrkja er i sin grunn global og universell. Det kan aldri innskrenkast av nokon, men det gir oss mogelegheiter i desse dragingane. I vårt grunnoppdrag ligg mogelegheita for å tette noko av dette spriket og seie kva konsekvensar innsnevringane i praksis gir, eller kva som kan mildne konsekvensane av snevringa. Me kan gje rom for dialog, at noko anna kan kome fram. Kyrkja skal vera eit barmhjertighetens hus og utfordre til barmhjertighet her, svarar Limstrand.

Les også

– Viktig signal

Noko av det nye Svalbard kyrkje allereie har innført, er regnbogegudsteneste i samband med Pride-markeringa. I midten av august vaia regnbogeflaget utanfor kyrkja.

– Eg  har halde pride-gudstenester i Trondheim i 20 år. Regnbogemesse er heilt i tråd med det kyrkja her står for, den er open og inkluderande, seier Limstrand. 

Ho meiner det er eit viktig signal å sende.

– Det er så mange nær oss og rundt om i verda som blir utsette for hets og straff for å vere den dei er. Kyrkja rår over store ord, men det er det vi gjer som viser kven me er.

Svalbard Kirke

Kyrkja vart reist på 50 dagar og vigsla 28. august 1921.

Fekk namnet «Vor Frelsers Kirke paa Spitsbergen».

Kyrkja vart, saman med det meste av Longyearbyen, bomba og skutt i brann under 2. verdskrigen.

Den nye kyrkja vart vigsla i 1958. I ventetida vart Huset nytta som kyrkjerom.

Siv S. Limstrand er den 23. presten i rekkja.

Kjelde: Kirke på Svalbard, red. Leif Magne Helgesen

Nøkkelord