Første ministermøte på Svalbard: – Mykje står på spel

Svalbardminister Emilie Enger Mehl næringsminister Jan Christian Vestre på Svalbard
Svalbardminister Emilie Enger Mehl næringsminister Jan Christian Vestre under sitt første ministermøte på Svalbard. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Denne veka vitja justisministaren og næringsministaren Longyearbyen. Snart skal dei ta viktige avgjerder om øygruppas framtid.

Den førre regjeringa starta fleire store prosessar på Svalbard. Mellom anna føreslo dei å fjerne stemmerett til lokalstyret for utlendingar som ikkje har budd tre år i Fastlands-Noreg, nytt miljøregelverk og ny forskrift for tryggleik i felt.

Denne veka vitja Emilie Enger Mehl (Sp) Longyearbyen for første gong som justis- og dermed også svalbardministar. Det same gjorde næringsministar Jan Christian Vestre (Ap). Dei to ønska å lytte til kunnskap og erfaring om mogelegheiter og utfordringar som Svalbard-samfunnet opplever og står ovanfor.

I tillegg ønska dei konkrete innspel til regjeringas aktive svalbardpolitikk.

Viktig samkøyring

Lokalstyreleiar Arild Olsen (Ap) meiner møta var konstruktive.

Arild Olsen, leder i Longyearbyen lokalstyre og Ap-politiker. Foto Line Nagell Ylvisåker
Arild Olsen, leder i Longyearbyen lokalstyre og Ap-politiker. (Foto Line Nagell Ylvisåker).
Arild Olsen er leder i Longyearbyen lokalstyre og Ap-politiker.

– Det er veldig bra at to statsrådar kjem samstundes. Svalbardpolitikk, som all anna politikk heng saman. Begge departementa er sentrale aktørar for utviklinga av Longyearbyen, seier han.

Lokalstyreleiaren tok opp den dagsaktuelle Covid-situasjonen i tillegg til høyringane som skal vera med på å staka ut framtida til Longyearbyen.

– Mykje på spel

Sakene det var mest dialog rundt, var høyringane om endringar i miljølova og forskrifta for tryggleik i felt.

– Me har eit felles mål med lokalsamfunnet og næringa her at me ynskjer reguleringar som gjer at seriøse aktørar får drive, og at me stenger døra for dei useriøse, sa Mehl til Svalbardposten.

Fleire lokale aktørar protesterte før jul mot forslaga, og ønska at sakene vart sende tilbake til teiknebrettet. Det vart dei ikkje, men høyringsfristen er utvida fram til 1. mai.

Mehl fortel at dette er saker som vart lagde fram av den førre regjeringa, og at den nye regjeringa ikkje har nokon prestisje i å køyre dei gjennom. Det halmstrået klamrar Svalbard Næringsforening seg til.

– Me ynskjer ikkje å vera vanskelege, men trur at om me får til ein godt dialog, kan me utvikle det beste reiselivet i verda. Forslaget som ligg på bordet no bidreg ikkje det, seier leiar Terje Aunevik.

Terje Aunevik.
Terje Aunevik er leiar for Svalbard Næringsforeining. Han er uroa for om tiltaka lokale styresmakter kjem med vil råke det som fungerer, ikkje det dei eigentleg vil regulere. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Leder av Svalbard næringsforening, Terje Aunevik.

Foreininga var inviterte til å møte ministarane til samtalar om forskriftene.

Aunevik tykkjer det er positivt at statsrådane ynskjer å vera lydhøyre og aktive i høyringane.

– Då må me ta dei på ordet, men me meiner at mykje står på spel prinsipielt. Mellom anna det å stenge store områder for ferdsel. Det vil snu viktige norske rettsprinsipp som allemannsrett, seier han.

I tillegg har foreininga teke til orde for at sertifiseringa i reiselivet ikkje berre bør ligge på guidar.

– Eg trur me i større grad bør legge ansvar på bedriftene, seier han.

Ny energi

Longyearbyen skal no gjennom ei stor energiomstilling, ettersom Longyearbyen lokalstyre har bestemt å stengje kolkraftverket i 2023.

Til Svalbardposten sa næringsministar Vestre at lokalstyret, industrien og staten må samarbeide om løysingar for framtida.

– Me må forsøke å få til ein transformasjon som skapar både jobbar og kuttar utslipp, og som set Longyearbyen inn i den globale konteksten som en drivar for det grøne skiftet i Arktis. Tenk så mykje me kan få til saman, sa han.

Ifølgje Olsen går arbeidet mot ny energi for full kraft.

– No må me få avklart finansiering og arealbruk til sol- og vindkraft, seier han.

Me fekk ikkje gode svar på kvifor.
Arild Olsen (Ap), leder i Longyearbyen lokalstyre

Ventar svar om stemmerett

Eit siste forslag som har ført til stor debatt lokalt, er forslaget om å ta frå utlendingar som ikkje har minst tre års butid i fastlands-Noreg retten til å stemme i lokalvalet. Eit forslag, som om det går igjennom, vil få store konsekvensar for lokaldemokratiet.

– Den biten var kanskje den det var minst dialog rundt i møta no. Av dei høyringane som kom i fjor, var dette den einaste som kom veldig brått på. Personleg forstår eg ikkje bakgrunnen for forslaget, seier Olsen.

– Forsto du meir etter ministermøtet denne veka?

– Me fekk ikkje gode svar på kvifor, og så tenker eg at det seier sitt, svarar Olsen.

Høyringsfristen er ute, og forslaget ligg no til behandling.

Svekka familiesamfunn

Lokalstyreleiaren nytta også ministerbesøket til å ta opp spørsmål kring familiesamfunnet i Longyearbyen. Barnetalet har vore jamt sidan 2010, medan den yrkesaktive befolkninga har vokse. Om trenden held fram, vil familiesamfunnet bli svekka.

– Om barnetalet skal opp, må staten vera i dialog med Longyearbyen lokalstyre. Då må det følga med pengar, seier Olsen.

Det er Longyearbyen lokalstye som er ansvarlege for barnehagar og skule i byen.

Les også:

Nøkkelord