Velkomen til Hangurstoppen – panoramautsikt, skianlegg og lokalmat på sitt beste.

Me har Nord-Europas største og mest moderne gondolbane. Den har ni kabiner med plass til 35 passasjerar i kvar kabin. Gondolbanen går kontinuerleg, slik at ventetida er minimal. 

Ta Bergensbanen til Voss Stasjon, og kom til Hangurstoppen Restaurant på under ni minutt.

Lokal matoppleving 818 meter over havet

Hangurstoppen Restaurant, i hjartet av Voss Resort, er med sine 310 sitjeplassar Voss sin største restaurant. Restauranten har store vindaugsflater og eit flott uteområde gjer at naturen blir ein del av måltidet og verkeleg gir deg følelsen av at du er på høgfjellet.

På kjøkkenet er det fokus på kortreist mat laga frå botnen av. Den enkle og rustikke menyen er full av herlege smakar, er tilpassa sesong og lagast med lokale råvarer. Her finn du varme og kalde rettar, nysteikt bakst og påsmurte freistingar, og sjølvsagt forfriskande drikke.

Les meir om Hangurstoppen Restaurant

Opningstider i dag

Gondol

Stengt

Hangurstoppen Restaurant og Hangur 818 Bar

Stengt
Kjøkkenet opnar 1 time etter og stenger 30 minutt før.

Kjøp billett

Dei aller fleste billettane våre kan du kjøpe på nett. Fordelen med dette er at det kan spara tid i billettkø. Om du har kjøpt “tur/retur” eller “ein veg” på nett, går du rett til gondolinngangen. Billetten får du tilsendt på epost.

Kjøp billett

På dagskorta våre kan du velga å bruka eit eksisterande Keycard, og lada opp dette direkte på nett. Då kan du gå forbi billettkøen, og rett til vendekorset til gondolen. Kjøper du nytt dagskort med nytt Keycard, må du henta det ut på ein av våre billettautomatar.

Sesongkort og heilårskort kan du også kjøpa på nett. Last opp bilete av deg sjølv ved bestilling, og hent ut på billettautomat når du kjem. Nytt Keycard er ikkje inkludert i prisen. 

Prisar

Me har ulike typer kort, slik at du finn det som passer best for deg. Sjå alle prisar her.

Billettautomat og gjesteservice

Me har billettautomatar på nedre stasjon og på øvre stasjon. Der kan du kjøpa tur/retur, ein veg og dagskort. Merk at ein ikkje får kjøpt familiebillett eller sykkelbillett på billettautomat (kan kjøpast på nett eller hjå gjesteservice). 

Dronebilete av Hangurstoppen på vinterstid.

Ordentleg kaffi med panoramautsikt attåt

Hangurstoppen Restaurant opna i 2019 og har kanskje Noreg si vakraste utsikt der den ligg på toppstasjonen til Voss Gondol, 818 meter over havet. Herfrå har du panoramautsikt over mange Vossafjell, som mellom anna Gråsida, Hordnalsnuten og Lønahorgi. 

Skientusiast som køyrar i puddersnø

Ein gondol – eit mangfald av moglegheiter for aktivitetar

Ein tur med Voss Gondol er mykje meir enn kun ein heistur. Det er opplevingar litt utanom det vanlege, enten du ønskjer å bytte utsikt nokre timar eller planlegg ein heil dag fullpakka med aktivitetar.