NB - 6. og 7. mai er det ikkje mogleg å bestille spa-behandlingar (pga. kurs for tilsette).

SPA (Salus per aqua) betyr "helse gjennom vatn" og har i århundre involvert mineralrikt vatn, varme og avslapning. Alexandra Spa er bygd med ditt velvære i tankane. Målet vårt er å gje kropp og sjel omsorg og avslapning. Våre høgt kvalifiserte terapeuter vil ta vare på deg med eit breitt spekter av behandlingar som passar for både menn og kvinner.

Spa-avdelinga består av behandlingsrom der du kan bestille frå vår Spa-meny, samt ei adskilt velværeavdeling med terapibasseng, kuldekulp, tre typar saunaer, tre typar badstover, avslapningsområde både inne og ute på takterrassen. På takterrassen er det også boblebad.

Det er forbode å ha medbrakt drikke og mat til Bad & Spa. Vi minner om at all bading er på eige ansvar. 

Bur du ikkje på hotellet? 
Mandag-torsdag før kl. 16:00 (etter 20.august) er også ikkje-buande gjestar velkomne til å bestille Spa-behandling. Dei som har behandling kan då også bruke fasilitetane i Alexandra Bad & Spa. Dette tilbodet gjeld ikkje i feriar og i sommarsesongen (22. juni-20. august). Handkle, badekåpe og tøfler er ikkje inkludert. Dersom du har spørsmål rundt dette kan du ta kontakt med oss på 57875083. 

Val av behandling
Dersom du er usikker på kva behandling som passar deg best, gjer vi deg gjerne råd. Vi lovar at du etter eit besøk vil føle deg betre rusta til å møte ein travel og krevjande kvardag. Her finn du vår komplette SPA-meny (behandlingar). 

Opningstider og prisar
Spa-avdelinga er opa kvar dag frå 08.00 til 20.00 når hotellet er ope. Inngang i velværeavdelinga for buande gjestar i Spa-avdelinga kr 220,- pr dag i midtveke og kr 310,- pr dag i helg (fre-søn) og feriar. Merk at velværeavdelinga kun er for vaksne over 18 år. 

Bestilling av behandling
Send førespurnad på denne sid, eller ringe direkte til Alexandra Bad & Spa på 57875083 (ope kvar dag mellom 08:00-20:00).  NB - 6. og 7. mai er det ikkje mogleg å bestille spa-behandlingar (pga. kurs for tilsette).

Avbestilling
Dersom du ikkje kan møte til timen, må du gi beskjed til oss minst 24 timar før avtalen. Ved seinare avbestilling eller dersom du ikkje møter utan å ha gitt beskjed, vil du bli fullt ut belasta for behandlinga du hadde bestilt. 

Godt å vite