Kortreklamasjon

Handlar du med kort, har du ekstra tryggleik dersom kjøpet går galt og seljar ikkje greier å ordne opp.

Du har ekstra tryggleik når du handlar med kort

Har du kjøpt varer eller tenester på kreditt, har du ekstra tryggleik gjennom finansavtalelova (paragraf 2-7). Særleg verdifull er lovas forskrift om at kredittgjevar (ofte banken) har same ansvar som seljar. 

Kortreklamasjon gjer ekstra tryggleik blant anna dersom:

  • Du ikkje får varene du har bestilt
  • Tenesta du har bestilt ikkje blir levert
  • Eit arrangement blir avlyst
  • Ein reise blir kansellert
  • Seljaren ikkje respekterer angreretten din
  • Seljaren går konkurs
  • Du blir svindla

Ved kjøp med debetkort og utsett betaling

Visa og Mastercard praktiserer òg dei same rettane ved bruk av debetkort. Du kan dermed klage til banken din på varer og tenester som er kjøpt med vanlig debetkort også.

For debetkort er prosessen frem mot refusjon meir komplisert, samt at bankane ofte har korte klagefristar. Det er viktig at du kontaktar banken din så snart seljaren har avvist ditt krav.

Med den nye finansavtalelova kan du òg framsetje krav om du har nytta deg av gratis utsett av betaling, til dømes gjennom Klarna.

Kva avgjer om du kan krevje noko av kredittgjevar/banken?

Dersom det er feil og manglar på varer og tenester – og seljar ikkje evnar å ordne opp, kan du rette kravet til kredittgjevar, som stort sett er banken din. Ver samstundes merksam på at det er fire moment som må vere på plass:

  1. Du må ha handla med kredittkort, Visa/Mastercard debetkort eller ved å valgt utsettelse av betaling (til dømes Klarna).
  2. Du må ha handla frå ein næringsdrivande.
  3. Det må vere ein feil eller mangel ved varer eller tenesta som du har kjøpt.
  4. Du må ha forsøkt å løyse saka med seljar fyrst.

Kva kan du krevje?

Kravet til banken eller Klarna må vere likt det du har overfor seljar, og kan berre vere pengekrav. Du kan altså ikkje krevje at banken skal reparere vaskemaskina di, men du kan få dekt utgifter i samband med at ein reparatør utbetrar mangelen.

OBS! Det er det er ofte korte reklamasjonsfristar, så det er viktig at du tek kontakt med banken din så fort du mistenker at noko er feil.

Korleis går du fram for å klage?

1. Klag til kredittgjevar

Kredittgjevaren er banken eller finansinstitusjonen som har gjeve deg kreditt. Reint praktisk vil kredittgjevar som oftast vere det selskapet som har utferda kredittkortet eller gitt deg kreditt. Har du til dømes eit Nordea Mastercard, er Nordea kredittgjevaren.

Du bør klage skriftleg, og leggje ved nødvendig dokumentasjon, til dømes kopiar av kvitteringar og tidlegare korrespondanse med seljar. Dette bidreg til å få fortgang i prosessen, og det gjer det òg lettare i ettertid å dokumentere at du har klaga til kredittgjevar, dersom det skulle bli spørsmål om du har klaga i tide.

2. Klag til Finansklagenemnda

Dersom du ikkje blir samd med kredittgjevar, kan du klage inn saka til Finansklagenemnda.