Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Og på toppen er det til og med to DNT hytter - ei veldig gamal, og ei veldig ny. I motbakkeløpet Skåla Opp - Nord-Europas tøffaste motbakkeløp vart rekorden 1 time 7 minutt og 6 sekund for herrar, og 1 time 20 minutt og 6 sekund for damer. Uforståeleg for dei fleste som har gått turen, men tydelegvis fullt mogleg.  

På toppen av Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

På toppen av Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Norges beste turrute?

Turen opp er spektakulær, med utsikt over fjord, fjell og isbrear, og er tradisjonelt rekna å vere den toppturen i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene frå 1891 og utover går du i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Det er ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Utallege dugnadstimar, tunge løft og godt samarbeid har skapt denne unike stien.

Sommarnatt på Skåla. Foto: Cole Rise/Matador Network

Sommarnatt på Skåla. Foto: Cole Rise/Matador Network

Om turen i sommarhalvåret

Turen startar frå Tjugen ca 2,5 km frå Loen, nesten inne ved Lovatnet. Her er det parkeringsplass og informasjonstavle om Skåla. Turen startar på traktorveg, og går over på sti eit stykke oppe i skogen. Nokre stadar er stien hellelagd, og når du kjem høgt opp går stien over i steintrapper. Stien er merka etter nasjonal mal heile vegen. På toppen av Skåla er du 1848 meter over havet, og du får ei fantastisk utsikt over Jostedalsbreen, fjella og fjorden. Turen passar for normalt godt trente, og du bør normalt rekne mellom 3 og 5 timar opp. Det er mogleg å få med guide på turen. Sjå turbeskrivelse her. Vil du ha guide med deg på turen kan du kontakte Loen Active.

Topptur til Skåla. Foto: Bernt Nesje

Topptur på vinteren til Skåla

Skåla er også eit populært turmål for toppturentusiastar. Startpunktet er same stad som sommarruta. Følg skogsvegen heilt opp, og hald fram på stien oppover i Fosdalen. Kryss dalbotnen ca 700 moh og gå opp den store fjellsida mot Skålavatnet. Her er du i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Fortsett frå Skålavatnet og opp til det store skaret under Rongjuvnibba. Følg derifrå ryggen til venstre opp mot den breie toppryggen. Vidare langs vardane til tårnet på toppen. På nordsida av toppegga er det enorma skavlar, og nordveggen går 1000 m rett ned. Ein må vere merksam på mogleg skredfare langs elvane Fosdøla og Skålaelva, på nordsida av sommerruta etter passering av Skålavatnet. Dersom tåka kjem sigande bør ein vere svært forsiktig mot slutten av denne turen, då det er bratt på begge sider av toppen. Ved nedkøyringa føl du toppegga nedover, og køyrer heile sørsida ned til skaret. Føl ruta du kom opp vidare nedover. Ved mykje snø er det også fint å køyre frå toppegga rett fram og ned den breie vestsida mot Skålavatnet. Hugs kart og kompass! Skålabu er perfekt for overnatting heile året. Les meir om tryggleik i fjellet her. Vi anbefaler guide på turen. Breogfjell har internasjonalt sertifiserte tindevegledarar og tilbyr guida turar i Loen. Dersom du planlegg tur på eiga hand er det avgjerande at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i vinterfjellet.

Skålabu. Foto: Frikk H. Fossdal/Bergen og Hordaland Turlag

Skålabu. Foto: Frikk H. Fossdal/Bergen og Hordaland Turlag

Ærverdig steintårn og moderne hytte

Skålatårnet og Skålabu er ubetjente DNT-hytter utanom det vanlege, for dei som vil ha ei overnatting eller lage seg ein kaffikopp på toppen. Skålatårnet vart bygd i 1891, opphavleg som eit sanatorium, og framleis er det folkehelse som står i fokus, med trim og frisk fjelluft. Skålabu stod ferdig i oktober 2016, og skal avlaste tårnet for å bevare det i vintermånadane. Begge hyttene er drive av Bergen og Hordaland Turlag. Du kan førehandsbestille overnatting i Skålabu her.

Deltakarar returnerer etter Skåla Opp. Foto: Jan Erik Sandbakk

Deltakarar returnerer etter Skåla Opp. Foto: Jan Erik Sandbakk

Motbakkeløpet Skåla opp

Motbakkeløpet Skåla Opp vart arrangert fram til 2022. Løpet starta ved Tjugen (29 moh) og målgong var ved Skålatårnet på toppen av fjellet 1 843 moh. Løpet vart første gong arrangert i 2002, og sette i sving eit enormt dugnadsapparat i den vesle bygda. Løpet hadde både konkurranseklasse og ein mosjonsklasse. Det vart også arrangert “Mini Skåla Opp” for dei yngste. Meir informasjon finn du på Skåla Opp si heimeside.