Hopp til innhold

«Alarmerande funn» om valdeleg innhald på nett

– Alarmerande funn, seier leiar i Medietilsynet om den ferske undersøkinga.

Signe Osan Olsen, Muskan Singh og Emma Filippa Skjærbakk om ungdoms medievaner

NETTSOSIALE: Signe Osan Olsen, Muskan Singh og Emma Filippa Skjærbakk er ofte på Instagram og Snapchat. Der ser dei av og til innhald dei ikkje vil sjå.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Det med å sende ting til andre folk, nudes, fyllebilete eller slåstkampar, er blitt ein trend. Mange synest det er spennande, og få ser konsekvensane av det, seier 17-åringen Muskan Singh.

I samband med Safer Internet Day tysdag 11. februar presenterer Medietilsynet ferske funn frå Barn og medium-undersøkinga 2020.

Undersøkinga viser at 43 prosent av norsk ungdom mellom 13-18 år har følgd diskusjonar om, eller sett skadeleg eller valdeleg innhald på nett det siste året. Like mange har sett hatmeldingar som angrip enkeltpersonar eller bestemte grupper.

Mari Velsand

ALARMERANDE: Leiar i Medietilsynet, Mari Velsand, seier at Medietilsynet vil jobbe vidare med å finne ut korleis ungdom kjem over skadeleg innhald på nett.

– Dette meiner vi er alarmerande funn. I tillegg er det viktig informasjon å ha for å snakke med barn om desse tinga på ein god måte, seier leiar i Medietilsynet, Mari Velsand.

– Blir fort spreidd

Muskan Singh og venninnene brukar ofte Instagram og Snapchat for å kommunisere med kvarandre. Gjennom desse kanalane opplever dei å få tilsendt videoar dei helst ikkje vil sjå.

– Det er veldig mykje som blir spreidd. Alt mogleg du vil sjå finst på sosiale medium, seier Emma Filippa Skjærbakk.

Medietilsynets funn syner òg at tre av ti mellom 13 til 18 år sett innhald, eller diskusjonar på nett der folk snakkar om eller viser måtar å vere svært tynn på. Tre av ti har òg sett innhald som viser måtar å skade seg sjølv på.

Trass i at jentene frå Gjøvik sjølve ikkje oppsøker denne type innhald, så er det veldig lett at det dukkar opp likevel – på grunn av algoritmar.

Signe Osan Olsen, Muskan Singh og Emma Filippa Skjærbakk

NYSGJERRIGE: Desse 17-åringane frå Gjøvik trur mange ungdom er nysgjerrige på kva som er ute på nettet. (F.v.) Signe Osan Olsen, Muskan Singh og Emma Filippa Skjærbakk

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Vi veit jo at det ligg der. Når du søker opp sider som handlar om trening og fitness, kjem jo alt det som likner på det, seier Skjærbakk.

Barn og medium undersøkina 2020

Spørsmål til 13-18-åringar om dei har sett innhald eller diskusjonar der folk snakkar om eller viser noko av følgjande (i løpet av det siste året).

Hatmeldingar. Barn og medium undersøkinga 2020
Barn og medium-undersøkinga 2020. Måtar å vere tynn på.
Barn og medium-undersøkinga

Nettinnhald kan trigge til sjølvskading

Psykolog Hedwig Montgomery er ikkje overraska over funna.

– Ungdom har alltid oppsøkt sterkare innhald enn foreldregenerasjonen. Kombinert med dei moglegheitene som finst no så er dette nesten som det må vere.

Montgomery fortel at ungdomsfasen består av mykje usikkerheit om kven ein er, og korleis finne sin plass i verda.

Då er det lett å finne meiningar og handlingar som dei aller fleste synest er "too much", men som kan vere skadeleg for dei få som slit frå før.

– For dei få som er fastklemt i mørke tankar frå før kan desse sidene vere svært skadelege, og kan trigge både sjølvskading og spiseforstyrring, seier Montgomery.

Psykolog Hedvig Montgomery

OMSORG: – Vaksne har vore litt naive med tanke på det som finst ute på det mørke nettet, seier Montgomery. Ifølgje ho er det viktig at foreldre viser interesse for korleis ungdom brukar sosiale medium.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

– Interesserte foreldre den beste motgifta

Montgomery vil oppfordre foreldrene til å bry seg meir om ungdommen sin, og unngå å vere fordømmande.

– Det er rett og slett interesse og kontakt som er den beste motgifta for radikalisering av alle slag.

Jentetrioen frå Gjøvik vidaregåande skule er einige.

– Mange barn og unge blir nok skremte av det og det kan vere lurt å ta det opp både heime og på skulen, både tidlegare og i større grad enn det blir gjort no.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober