Torsdag bestemte Discovery/Dplay seg for å fjerne julekalenderen «Nissene over skog og hei», etter kritikk mot karakteren Ernst-Øyvind som er svartmåla i fjeset.
Grunnen er at rollefiguren som er spelt av Espen Eckbo, ifølgje fleire, fell under «blackface»-omgrepet.
«Blackface», eller «svartfjes» blir brukt om det å måle ansiktet svart eller brunt for å framstille eller karikere personar med mørk hudfarge.
Praksisen stammar frå amerikansk populærkultur frå 1800- og 1900-talet, der heile andletet utanom området rundt leppene vart svartmåla. Noko som fekk leppene til å sjå overdrivne store ut.
«Blackface» uakseptabelt i USA
Sjølv om «blackface» ikkje lenger er akseptabelt i USA, kan ein finne fleire døme på det i vårt eige «riksarkiv». Opp gjennom er det mange norske komikarar som har spelt karakterar med andre hudfargar enn sin eigen. Men er det greitt?
Jamal Sheik, som står bak Instagram-kontoen rasisme_i_norge, har lagt ut eit innlegg der han stiller spørsmål ved NRK sitt val om å ikkje ta eit djupdykk i arkivet for å fjerne rasistisk innhald.
Der skriv han mellom anna dette:
« I eit intervju med TV 2 sa de at de ikkje kjem til å gå gjennom 150.000 program for å leite etter rasistiske program. Kva med å gå gjennom arkivet for dei siste fire åra?»
I innlegget trekker Sheik fram eit eksempel frå NRK sitt arkiv, som er frå ein fire år gamal episode av Trygdekontoret. Her dukka komikaren og programleiaren Thomas Seltzer opp med eit svartmåla fjes på TV-skjermen.
I ei melding til NRK skriv Thomas Seltzer at karakteren var inspirert av den tyske journalisten Gunter Walraff – som har gitt seg ut for å vere både tyrkisk og somalisk i det tyske samfunnet.
– Vi ville forsøke å sjå korleis nordmenn responderte til ein somalisk taxisjåfør.
Seltzer svarar ikkje noko på spørsmålet om han hadde sminka seg på same måten i dag, men kommenterer i staden dette:
– Vi var godt nøgde med resultatet.
Løfta debatten
Det var mellom anna eit innlegg på Instagram-kontoen til Sheik som gjorde at Discovery valde å ikkje sende serien. Han meiner karakteren til Eckbo er «blackface».
– Det er faktisk det. Når du både målar deg i ansiktet med brun ansiktsmåling, tar på deg afro lik det håret eg har på hovudet og du puttar på ein nase som du fargar og gjer større, vil det seie at du karikerer ein mørkhuda mann.
Han meiner også ein kunne ha brukt ein svart skodespelar dersom ein trengde ein slik karakter. I tillegg meiner han det ville ha vore eit feil signal å sende serien.
– Når vi i dag veit kor støytande «blackface» er, kvifor stå bak det og sende det på nytt, spør Sheik retorisk.
Ønskjer ikkje å kommentere
Komikaren Robert Stoltenberg har spelt mange mørke rollefigurar, mellom anna i Borettslaget, som ein ser døme på i videoen over. Stoltenberg ønskjer ikkje å kommentere denne saka.
Komikaren Jonis Josef ønskjer heller ikkje å stille til intervju, men viser til eit innlegg han har lagt ut om saka på Twitter.
Står på sitt
Trass i reaksjonane, ønskjer ikkje NRK verken å fjerne eller endre noko frå eige TV-arkiv, skriver Kampanje. Altso det motsette av det Discovery har gjort.
NRK sin underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen forklarer at arkiva utgjer 60 år med norsk TV-historie, og at ting har endra seg gjennom tidene.
– Vi har eit stort medvit rundt kva slags ord og verkemiddel som kan oppfattast som – eller kan vere rasistiske – i alt vi publiserer.
Han seier at NRK difor unngår å bruke desse orda og verkemidla i det dei publiserer i dag. Ifølgje Halvorsen har ikkje NRK tatt stilling til merking av innhald, noko som har blitt foreslått.
– Mykje av det ein finn i arkivet er frå tidlegare, då ein hadde ei anna haldning til kva som var greitt, og ikkje. Utan at det på tidspunktet det blei laga var meint rasistisk eller nedsettande.
– Det har vi stor tru på at publikum forstår. Og difor ønskjer vi ikkje å redigere i det TV-historiske arkivet vårt.
Meiner ein sviktar komikarane
NRKs svar gleder nok humormeldar i Adresseavisen, Anders Holstad Lilleng.
Han meiner det blei feil av Dplay å fjerne serien.
– Komikarar skal kunne ha sin arbeidsplass som er ein fri arbeidsplass, der dei kan bruke dei verkemidla og dei uttrykka som dei vil. Av og til treff dei, av og til bommar dei. Men dei må få tilliten til å gjere det.
Han meiner det blir feil å la ein ni år gammal serie sette ein standard for kva som blir laga i dag. Lilleng meiner ein sviktar komikarane ved å ta dette grepet.
– Eg forstår at dei ønskjer å ta eit standpunkt, men dei gjer komikarane sine utrygge ved å avgrense fridomen deira til å drive med yrket sitt.
Ingen lett diskusjon
Kommunikasjonsdirektør for Discovery, Hanne McBride, seier det var ei vanskeleg avgjerd å ta av serien.
– Den diskusjonen er på ingen måte lett å ta, kanskje ein av dei vanskelegaste avgjerdene eg har vore med på.
Likevel meiner ho dei valde riktig.
– Vi har vurdert at denne karakteren kan falle inn under «blackface»-kategorien og vi har vurdert at dette er noko som støyter folk og som kan opplevast som rasisme i 2020. Men det er viktig å understreke at intensjonen bak denne serien då han blei laga, har på ingen måte vore rasistisk.