Dan Colen

Dan Colen har utfordra kunstbransjen, fått kjeft, men kan le heile vegen til banken.

Foto: Daniel Shapiro / NRK

Gav faen i reglane – og vann

BROOKLYN, USA (NRK): Penis og pizza. Dan Colen provoserte fram sin eigen suksess.

Eg har sett han naken.

I eit varehus i Brooklyn, New York, jobbar ein av USAs mest kjente unge samtidkunstnarar: Dan Colen.

Varehuset ligg ved hamna, i flaumsona, men litt risiko stoppar ikkje Colen. Det er dette han lever av: Å flytte grensene. Å drive kunsten framover. Å provosere.

I det forlatte området står eg og to fotografar og ventar.

Ein mann med raudlege krøllar og skjegg kjem køyrande. Musikken strøymer ut av det opne vindauget i landevegsdoningen. Han parkerer og møter to kvinner (kanskje er dei assistentar?), kledd i tidsriktig Brooklyn-habitt: joggesko, kaps og slitte jeans.

Han ser ut akkurat slik som eg har forestilt meg, og spør oss kva vi gjer her.

– We think we have a meeting with you, seier eg spørjande.

– Eg er ikkje Dan Colen, seier mannen som ser ut som Dan Colen.

To tankar går gjennom hovudet mitt.

Er dette faktisk Dan Colen som køddar med oss, og bør eg le og insistere på at jo, det er han vi skal møte? Om det ikkje er han, kvar er han?

Viste fingeren til kunstbransjen

Dan Colen er rebellen som lagar kunst av tyggegummi og får måling til å sjå ut som fugleskit.

Saman med kompisane Nate Lowman og Dash Snow blei han tidleg på 2000-talet symbolet på «The Bowery School» – ei ny, hipp kunstretning frå New York som kritiserte og ironiserte over samfunnet.

I 2018 låg ein fullskala versjon av han naken på golvet på Astrup Fearnley Museet. Det var eit verk med ballar.

Dan Colen vaksdukke i fullpositur på Astrup Fearnley Museet

«Livin' and dyin'» på Astrup Fearnley Museet i 2018.

Foto: Christian Øen / Astrup Fearnley Museet

Ved sidan av han låg to teiknefilm-figurar. I veggen var det eit hol. Hadde Dan Colen hoppa gjennom, blitt jaga?

Publikum kunne berre tenkje seg til kva som hadde skjedd.

Møtet

Mytene har bygd seg opp: Er Dan Colen ein arrogant, sjølvopptatt kunstnartype?

No skal eg få nokre svar.

Det viser seg at Colen jobbar på kontoret i 2. etasje av varehuset. Fem minutt etter at eg har helst på dobbeltgjengaren, som viste seg å vere hans assistent, kjem den autentiske Dan Colen til syne i døra.

– I'm Dan, seier han.

Colen er høg, slank, kledd i denim frå topp til tå, med basketsko på beina. Han har ei avslappa, men på same tid rett, haldning, går rundt på ein veldig grasiøs måte, og som fotografen seier: Han kunne vore modell.

Han er trygg på seg sjølv, høfleg og hyggeleg. Han verkar jo så skikkeleg.

Studioet hans vil ingen ende ta og har ei sjeldan utsikt ut mot Fridomsgudinna.

Alt dette er talande for utviklinga Dan Colen har hatt sidan eit skjebnesvangert dødsfall i 2009.

Dan Colen i sitt studio i Brooklyn

Dan Colen gestikulerer og tenkjer medan han snakkar sakte. Ofte tyr han til fyllord som «you know» og «like».

Foto: Daniel Shapiro / NRK

«Internasjonal sensasjon»

Dan Colen har blitt kalla «ein internasjonal sensasjon», men mange har også latt seg irritere av hans tilsynelatande «fuck you» til kunstbransjen. Han har stort sett gjort som han vil, anten det er å lage ein film der han strør peanøttskal rundt seg på Manhattan, eller hengje opp flygeblad over heile Berlin med bilete av sin erigerte penis.

Saman med kunstnarkompisen Dash Snow har han fått frivillige til å rive opp 2000 telefonkatalogar, for så å invitere kunstnarar til å rulle rundt nakne i dei.

Kunstkompisane skapte debatt og bråk. Dei festa og jobba hardt. Dei hang med eliten og hadde kjendiskjærastar.

Det verka som om det nesten ikkje var ende på dei ungdommelege utskeiingane.

Men så kom slutten. I 2009 døydde kompisen Dash Snow av ein overdose.

Dan Colen levde vidare, men på ein annan måte enn før. Han blei nykter, kjøpte seg ein gard utanfor New York, endra livet sitt.

39 år gammal er han eit godt etablert namn i amerikansk samtidskunst.

Det gigantiske studioet er fylt med fargerik kunst under arbeid. Hundrevis av penslar. Assistentar i djup konsentrasjon.

Målarpenslar på rekkje og rad hos Dan Colen

Kunstnaren brukar mange ulike typar måling og verktøy for å finne rett tekstur.

Foto: Daniel Shapiro / NRK

Dette fortel oss at han tener gode pengar. Han er representert i viktige samlingar i USA, Europa, og på Astrup Fearnley Museet i Noreg.

Eg spør han om nokre av påfunna.

Pizza på måfå

I 2005 plukka Dan Colen opp ein pizzabit frå gata i New York. Han hang pizzaen opp ved sidan av ein daud fugl og ei handlevogn. Der heng han framleis, om enn litt muggen, i arkivet til Astrup Fearnley Museet.

Korleis halde eit pizzastykke i live i 14 år? Kva er løyndommen?

– Eg veit ikkje kva løyndommen er, men det er noko som skjer der, seier Colen og ler.

– Pizzastykket ser ut akkurat som då eg plukka det opp frå gata. Osten er der, deigen er der. Det har ikkje smuldra opp i det heile tatt.

"Cherry Oh, Cherry Oh Baby" av Dan Colen på Astrup Fearnley Museet

Ei handlevogn og ein muggen pizzabit gøymd i gul måling. «Cherry Oh, Cherry Oh Baby» av Dan Colen.

Foto: Astrup Fearnley Museet

Mange av verka er litt kryptiske. Ofte er det snakk om synsbedrag. Du trur at det er noko anna enn det faktisk er.

– Det er det folk flest trur, fordi det verkar meir sannsynleg. Men dette er eit ekte New York City pizzastykke, tryggar Colen oss om.

Dei tidlege arbeida hans kan verke spontane. Colen hevdar at, jau, pizzaen hamna på lerretet litt på måfå.

– Det var ikkje noko nøye uttenkt redigeringsprosess før vi byrja. Vi berre plukka opp det vi såg, og hang det på måleriet. Det var først etterpå at vi såg skikkeleg på kva vi hadde laga, og vi fann fuglen i pizzaen.

Dan Colen i studioet sitt i Brooklyn, USA

Dan Colen i studioet sitt i Brooklyn, USA. Han står framfor eit av verka som imiterer fugleskit, men er laga ved hjelp av måling.

Foto: Daniel Shapiro / NRK

Det store spørsmålet: Korleis få rett tekstur på tyggis?

Eit anna uvanleg påfunn var å bruke tyggegummi til å måle med.

Dan Colen smiler nostalgisk når han fortel om at alle som var innom studioet hans i ein periode, måtte tygge. Og tygge. Og tygge. Dei hadde ikkje noko val.

Video: Matthias Roeckl.

– Mange av dei store tyggegummi-måleria er laga berre ved hjelp av menneske som tygga sakte; eit par bitar tyggis per dag.

Etter kvart tenkte kunstnaren, kanskje fordi det gjekk for sakte, eller fordi han blei lei av å tygge, at det måtte finnast ein meir effektiv måte å skape tyggis-kunst på. Han eksperimenterte.

– Vi tenkte: Spytt er varmt. I staden for å tygge, kan vi kanskje koke tyggisen i varmt vatn og så bruke ulike verktøy til å mose han?

Dette fungerte. Men så ynskja dei å ta ut noko av fukten frå tyggisen, han blei for våt. Korleis kunne dei varme han opp utan vatnet? Løysinga blei ein mikrobølgjeomn.

Googla du «tyggegummi og mikrobølgjeomn»?

– Nei. Vi berre følgde eitt spor til det neste.

Dette betalte seg. Eksempelvis blei eitt tyggis-måleri selt for 578.500 dollar i 2014, ifølgje Wall Street Journal.

Eitt av Dan Colens tyggegummi-måleri

Spyttklyse på lerret. «Don't Judge a Book by its Cover (Another Country)» (2010) er laga med tyggegummi.

Foto: Christian Øen / Astrup Fearnley Museet

«Bippe Stankelbein»

Dan Colen ser på den nakne vaksdukka av seg sjølv, stilt ut på Astrup Fearnley Museet i 2018, som ein definerande augneblink i karrieren.

Kva var eigentleg poenget med det heile?

Han hadde blitt fascinert av ein dum prærieulvs evige jakt på ein irriterande fugl i Looney Tunes-teiknefilmen «Bippe Stankelbein». Gong på gong falt prærieulven for eige grep. Ulven datt ned i eit hol eller dundra inn i veggen, kvar gong han prøvde å ta den ekstremt kjappe og smarte fuglen. Colen blei inspirert av prærieulvens barnlege ambisjon om å starte på nytt, vel vitande om at neste nederlag låg rett rundt svingen.

Ei framstilling av Per Ulv av kunstnaren Dan Colen

Prærieulven Per Ulv ligg desperat på golvet i Dan Colens verk «The Whole Enchilada». Fuglen Bippe Stankelbein har sluppe unna nok ein gong.

Foto: Christian Øen / Astrup Fearnley Museet

Det kan verke som rein provokasjon. Ein stor penis rett i ansiktet.

Men Colen er ikkje berre provokatør, skal vi tru Gunnar Kvaran, direktør ved Astrup Fearnley Museet. Han oppdaga Dan Colen tidleg i karrieren og har følgt kunstnarskapen hans tett.

Kvaran peiker på ei anna side av kunstnaren: Han er ekstremt teknisk flink til å måle.

– Han kan måle heilt hyperrealistisk og kvaliteten er alltid på toppnivå, seier Kvaran.

I dei nye måleria, som heng rundt omkring i studioet i New York, har målarmeisteren Colen (med hjelp frå assistentar) utfalda seg. Ørkenlandskapet, der Bippe Stankelbein og prærieulven held til, er godt synleg i «The desert paintings». Tunnelar trekkjer oss inn i måleria. Som prærieulven er det like før vi dundrar i veggen.

Kunstnaren Dan Colen i sitt studio i New York

Dei nye måleria trekkjer oss inn i «Bippe Stankelbein» sitt teikneserieunivers i ørkenen.

Foto: Daniel Shapiro / NRK

Sjølv om dei nye måleria kan sjå enklare og mindre provoserande ut enn nokre av dei tidlegare verka, har han brukt noko av den same kompliserte framgangsmåten, lag på lag med måling, for å skape ein illusjon. Verka blir vist fram på eit av verdas mest kjente galleri, Gagosian, i Los Angeles.

Der mange andre kunstnarar dyrkar fram eitt kjenneteikn, har Colen prøvd seg på det meste. Gunnar Kvaran oppsummerer han slik:

– Det er alltid mykje poesi og mykje energi. Han har eit utruleg driv over seg.

– Eg håpar at verka mine har eit liv

Kunstnaren sjølv gløymer ofte kvifor han eigentleg laga eit verk. Når han er ferdig, har verket fått ei anna meining enn då han byrja.

– Eg kan ikkje hugse kva eg tenkte då eg laga det, eg berre veit at eg har enda opp med å forstå det slik.

Han er glad for at kunsten stadig blir tolka på nye måtar.

Dan Colen - "The Whole Enchilada"

Dette verket har endra meining sidan Colen laga det: Ei knekt flaggstong med eit krøllete amerikansk flagg. NRKs kunstmeldar Mona Pahle Bjerke trur dette er eit verk som blir hugsa for ettertida, som ein metafor for USAs nedturar.

Foto: Christian Øen / Astrup Fearnley Museet

– Eg håpar at verka mine har eit liv, at dei pustar, og at opplevinga av dei er evig.

Kanskje er det prærieulvens vilje til å fortsette som også finst i Dan Colen?

Men i motsetnad til ulven, så held han fram med å ta for seg av livet og kunsten på nye måtar, i staden for å kræsje i den same veggen.

I 2011 sa han om kompisen Dash Snows dødsfall til NRK-programmet «Nasjonalgalleriet»:

– Eg angrar ingenting. Du kan ikkje gå baklengs.

Anbefalt vidare lesing: