6 av 10 overnattingar vart borte

Publisert:

Den nedgåande trenden for overnattingsverksemdene i Noreg fortsette i januar. Talet på hotellovernattingar fall med heile 64 prosent i januar målt mot same månad i fjor.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 0,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i januar i år. Det er heile 1,1 millionar færre enn i januar i fjor. Overnattingar gjort av nordmenn fall med 52 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 75 prosent.

– I januar vart det i nokon regionar innførd strengare tiltak kor innbyggjarane blant anna vart oppmoda om å halde seg i bustadkommunen, så fallet for overnattingsverksemdene var ikkje uventa, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i SSB.

Overnattingar på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar fall med høvesvis 6,8 og 40 prosent samanlikna med januar i fjor.

– Generelt har det vore mindre nedgang i talet på overnattingar for campingplassar og hyttegrender under pandemien, der ein i større grad kan reise og samstundes halde avstand, seier Kvile.

Med nokon få unntak måtte alle som kom til Noreg i januar i karantene i 10 dagar. Det er reglar om bruk av karantenehotell ved innreise til Noreg.

– Vi ser at fleire hotell vel å halde stengt grunna manglande etterspurnad og innreiserestriksjonar. Samstundes er det hotell i delar av landet som har mange gjester grunna karanteneopphald og opphald av utanlandske arbeidarar. Medan talet på utanlandske overnattingar stor sett går ned, ser vi ein auke målt mot januar 2020 i talet på overnattingar frå Polen og Litauen, seier Kvile. 

Figur 1. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring i prosent målt mot same månad året før

Juni 2019 Juli 2019 Aug. 2019 Sept. 2019 Okt. 2019 Nov 2019 Des. 2019 Jan. 2020 Feb. 2020 Mars 2020 April 2020 Mai 2020 Juni 2020 Juli 2020 Aug.2020 Sept. 2020 Okt 2020 Nov. 2020 Des. 2020 Jan. 2021
Hotell 4.46 6.02 5.58 5.14 9.74 7.50 10.20 8.88 11.68 -57.02 -86.55 -77.60 -55.96 -8.95 -41.14 -42.28 -37.81 -61.77 -54.60 -64.16
Campingplassar -1.05 3.88 5.75 0.82 5.50 -0.42 15.76 12.35 10.87 -40.65 -73.45 -7.59 -19.65 4.70 -4.62 -6.45 4.06 -13.87 -8.53 -6.81
Hyttegrender og vandrarheimar -2.25 -1.50 0.97 1.31 10.31 9.12 13.29 11.24 25.80 -43.54 -81.10 -63.85 -53.98 -6.59 -27.80 -6.52 -6.21 -4.15 -21.64 -39.69

Størst nedgang på hotellovernattingar i Oslo

Det var om lag 570 000 overnattingar ved norske hotell i januar i 2021. Dette er heile 64 prosent færre enn i januar i fjor. Norske overnattingar på hotell fall med 61 prosent og utanlandske med 75 prosent. Samanlikna mot januar 2020 vart meir enn sju av ti overnattingar i Oslo, Svalbard og Troms og Finmark borte, medan fire av ti overnattingar i Rogaland vart borte.

…men likevel flest hotellovernattingar i Oslo

Av dei 67 reiselivsregionene som har blitt definert i landet, var det Oslo som hadde flest hotellovernattingar, etterfølgt av Bergensregion, Stavangerregion og Romerike. Samla sett hadde desse regionane 217 000 hotellovernattingar, som utgjer nesten 40 prosent av alle hotellovernattingane i januar i år. Til samanlikning hadde dei fire regionane Hardangerfjord, Lindenes/Lyngdal, Ryfylke og Risør/Tvedestrand under 4000 hotellovernattingar i januar i år.

1 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB.

Figur 2. Hotellovernattingar. Reiselivsregion¹ med flest hotellovernattingar i dei ulike fylka. Januar 2021

Overnattinger
Kristiansandregion 11967
Helgeland 12390
Sandefjord/Larvik 12808
Ålesund/Sunnmøre 15362
Lillehammer-region 15836
Tromsø 17443
Trondheim 25649
Romerike 45738
Stavangerregion 52335
Bergensregion 53781
Oslo 64705

Få overnattingar ved fritidsbustadformidlarar

I januar vart det  formidla  25 000 overnattingar i januar av norske fritidsbustadformidlarar. Dette er ein nedgang på heile 84 prosent frå januar 2020. Norske overnattingar fall med 12 prosent, medan utanlandske fall med heile 98 prosent.

Figur 3. Del av overnattingar etter innkvarteringstype. Januar 2021

Hotell 71% Campingplassar 12% Hyttegrender og vandrarheimar 14% Formidling av private fritidsbustader 3%
Andel 71 12 14 3

Mindre nedgang i Noreg enn i Europa i 2020

Førebelse tal frå Eurostat syner at talet på overnattingar i EU-landa (27 land, frå 2020) fall med 52 prosent frå 2019 til 2020. Blant dei landa som har rapportert tal for 2020 er nedgangen i talet på overnattingar størst i Spania og Italia. I Sverige og Finland fall talet på overnattingar med 38 prosent, medan talet på overnattingar i Danmark og Noreg fall med høvesvis 32 og 33 prosent.

Tal frå EU-landa for 2020 syner at to av tre overnattingar vart gjort av landets borgarar, i 2019 vart litt over halvparten av overnattingane gjort av landets borgarar. I Noreg var ni av ti overnattingar i 2020 gjort av nordmenn.

Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.

Karantenehotell

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Den 13.desember endra regjeringa reglane om karantenehotell, og nye innstrammingar blei annonsert 10. februar 2021. Alle som kjem til Noreg må i karantene i 10 dagar. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i januar. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Dette er i samsvar med korleis andre europeiske land som rapporterer til Eurostat behandlar dette.

Utvida overnattingsstatistikk

Frå og med publisering av tal for januar 2021 vil overnattingsstatistikken også omfatte norske og utanlandske gjester som overnattar i private fritidsbustader som er leigd ut via norske formidlarar (tidlegare hytteformidling). Dette bidreg til ein meir fullstendig norsk overnattingsstatistikk.

Samstundes har SSB starta med å publisere tal for dei kommersielle overnattingsverksemdene på reiselivsregionar, i tillegg til fylke og kommunar. Sjå meir informasjon om reiselivsregionane.