Færre norske hotellovernattingar i oktober

Publisert:

Overnattingar i oktober 2020 fall med 33 prosent mot same månad året før. Ein sterk nedgang på hotell førte til fallet, men det blei noko dempa av fleire norske overnattingar på campingplassar og hyttegrender.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i oktober i år. Det er om lag 730 000 færre enn i oktober i fjor. Talet på totale norske overnattingar gjekk ned med 23 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 70 prosent. Norske overnattingar fall med 29 prosent på hotella, medan dei auka med 13 prosent på campingplassar, og 21 prosent på hyttegrender og vandrarheim.

Restriksjonar for å stogge pandemien i oktober var særskilt knytt til innreise for utanlandske turistar, samt restriksjonar knytt til sosial distansering som gjerne gjer seg gjeldande på hotell, og dette synes godt i tala.

– Færre norske overnattingar i dei siste månadene før ei ny sosial nedstenging i november lover ikkje godt for resten av året, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 1a. Totale norske overnattingar i år målt mot 2019

Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober
2019 Norge 1266501 1394123 1688783 1620061 1979317 2711985 4242158 2956620 2018340 1767649
2020 Norge 1370525 1566396 741153 277367 959303 2211679 5890153 2902036 1622126 1364500

Figur 1b. Totale utanlandske overnattingar i år målt mot 2019

Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober
2019 Utlandet 451319 558165 571081 474671 751255 1549184 2333013 2002161 767914 464010
2020 Utlandet 507041 639876 282066 53710 70618 127957 480916 610411 204795 138697

Store regionale skilnader

I oktober, som vi òg har sett i tidlegare månader under pandemien, var det store regionale skilnadar på storleiken på nedgangen i overnattingar målt mot same månad året før. Til tross for at fleire verksemder melde om ein relativt god høstferie, var det ein nedgang i alle landets fylke, sett bort frå Agder der overnattingane var på same nivå som oktober 2019. Nedgangen var spesielt stor i Oslo, Vestland, Viken og på Svalbard.

Figur 2. Prosentvis endring i overnattingar etter fylke. Oktober 2019 – oktober 2020

Prosent endring i overnattingar
Oslo -64.63
Svalbard -56.87
Viken -37.91
Vestland -35.81
Troms og Finmark -33.94
Nordland -20.69
Rogaland -15.20
Trøndelag -14.23
Vestfold og Telemark -12.54
Møre og Romsdal -7.53
Innlandet -7.34
Agder -0.04

Stor nedgang på hotell i oktober

Det var om lag 1,2 millionar overnattingar ved norske hotell i oktober i år. Dette er 38 prosent færre målt mot oktober i 2019. For hotella var det ein nedgang i både norske og utanlandske overnattingar. Det har i media helt sidan mars vore mykje omtale om tilnærma tomme hotell nokre stadar, noko tala på landsbasis òg langt på veg bekreftar. Vi ser at kapasitetsutnyttinga av rom for dei månadane det har vore størst restriksjonar i høve til sosial distansering og innreise frå utlandet, er betydelig lågare enn same månad i fjor.

Figur 3. Kapasitetsutnytting av rom i prosent på hotell. I år mot i fjor

Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober
2019 47 50 55 45 55 69 67 69 61 54
2020 47 52 28 16 24 37 63 44 36 34

Overnattingstal for dei europeiske landa

Dei seinaste tala frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Europa betra seg noko i sommarmånadene samanlikna med dei første månadene av pandemien, men at nivået fortsatt låg langt under sommaren 2019. For fleire detaljer om overnattingar i EU, sjå eigen artikkel.