MENY

Avslutningsfest på Vestborg

Kjell Morten Håland • Jun 17, 2021

Onsdag 16.juni var det avslutningsfest for Vg3 elevane på skulen!

Også i år måtte vi gjer om på den vanlige avslutningsfesten vår her på Vestborg. Tysdag sendte vi vg1 og vg2 elevane heim på sommarferie etter ein liten avslutningsmiddag. Onsdag var det avslutningsfest for avgangskullet og personalet.

Mange av elevane var kledde i bunad og finstas, klar for å markere slutten på 13 års skulegang. Eigendikta personalsong til elevane, bildekavalkade ifrå elevane, avskjedstale frå rektor Håkon og andakt av Oscar Nordbø var nokre av postane på programmet. I tillegg presenterte russen vinnarane av premiane frå lotteriet sitt.


Det store høgdepunktet på kvelden var russens presentasjon av den innsamla pengesummen til årets misjonsprosjekt. Mange i russeklassa har jobba hardt for å samle inn mest muleg pengar til prosjekta i Vest-Afrika, trass i eit utfordrande år.


Den endelege summen vart på 263 635kr. Oscar Nordbø var imponert og takkar elevane i talen sin då han fekk overrekt sjekken på vegne av NLM. «Dette var imponerande. Dette vitnar om ein kjempestor innsatsvilje. Vi veit at det har vore eit kjempevanskeleg år. Vi fekk ikkje reist på russeturnè, og likevel har dokke klart dette! Tusen takk på vegne av NLM og region Nordvest».


Oscar Norbø har sjølv vore misjonær i Vest-Afrika og kjenner godt til arbeidet som russen støttar. «Det er fantastisk at dokke er med på dette her- det er ei muligheit til å fortelle om Jesus midt i desse muslimske gruppene. De er med på å bære dette arbeidet og det er eg kjempe takknemleg for. Tusen takk», avsluttar han.


Etter ein herleg festmiddag med påfølgande kaffi og dessert avslutta kvelden med bildetaking og avskjedsklemmar.


Vi vil takke for 1, 2 og 3 år saman med avgangsklassa vår. Lykke til vidare, Guds velsignelse og på gjensyn :)

   

Share by: