Flyet frå Nairobi over den enorme Victoriasjøen til den internasjonale flyplassen i Kigali i Rwanda tek omlag ein time. Det var like før landing på denne flyplassen at flyet med Rwandas president Juvenil Habyarimana og Burundis president Cyprien Ntaryamira blei skote ned 6. april 1994, noko som utløyste eit grufullt folkemord langs etniske linjer.

Belgiarane som invaderte og fråtok Tyskland kongeriket Ruanda-Urundi i 1916 – Tyskland hadde fått dette på Berlinkonferansen som regulerte europeisk kolonisering av Afrika i 1884-85 – var i tidas trend totalt besett av rasehygiene og etnisitet. Dei innførte registreringskort for kvar enkelt innbyggjar, eit kort som utvetydig slo fast om vedkomande var twa, hutu eller tutsi. Rwanda hadde tidlegare eit system der sosiale skilnader eksisterte. Men sosialdarwinismen, ei slags mytologisk vulgarisering av Charles Darwins lære, viser også baksida av opplysningstida, idet den blir eit styrings- og reguleringsprinsipp basert på rase. Dette prinsippet bidrog til eit endra fokus på skilnader.

Belgiarane si misjonering på landsbygda blei endå meir effektiv då rwandesarane konverterte til katolisisme, noko som også skapte betydelege kommunikasjonskanalar for innføringa av eit raseetnisk styresett. Belgiarane meinte tutsiane, som ifølge myta kom frå Afrikas horn, var naturlege ledartyper, medan hutuane var arbeidarar. Tutsiane, 15 % av befolkninga, tok opp mellom 50 % og 75 % av skuleplassene. Det oppsto eit etnisk gap mellom folka. På slutten av koloniperioda, på 1950-talet, snudde belgiarane i lys av etterkrigstidas inspeksjon av samvitet, og gav dei undertrykte hutuane stønad. Hutuane drap deretter 20.000 tutsiar etter frigjeringa i 1962 utan at belgiarane gjorde noko.

Rwandas første president Hutuene Kayibanda styrka undertrykkinga av tutsiane. Habyarimana drap Kayibanda i 1973 og vidareførte diktaturet. Det blei aukande uro, før Rwandesisk Patriotisk Front (RPF) i 1990 invaderte delar av Rwanda frå sitt tilhald i Uganda. Ei tiltakande svertekampanje byrja mot tutsiane. Hutuane blei forsynt med våpen frå Frankrike og bygde opp ein milits, Interahamwe, og då flyet til presidenten blei skote ned, slapp alle krefter laus og drepinga byrja. Opp mot ein million blei drepne på 100 dager, 20 % av befolkningen og 70  % av alle tutsiar i Rwanda, før drapa blei avslutta med RPF si totale overtaking av Nord-Rwanda og etterkvart hovudstaden Kigali.

20 år etter dette grufulle folkemordet køyrer vi gjennom Rwanda på veg til nasjonalparkane der fjellgorillaene bor. Vi er 14 stykke i to 4-hjulsdrivne bilar, køyrde av Martin og Kassim. Martins familie flykta til Uganda og kom levande frå folkemordet. Fleire av Kassims familiemedlemmar blei drepne. Vi snakkar ikkje så mykje om dette, det finst mange bøker som dokumenterer folkemordet. Vi ser det positive med utviklinga i Rwanda. Infrastrukturen er bra, gjenoppbygginga av Kigali, no ein rein og fin by, har vore ein suksess. Gjennomsnittsinntekta i Rwanda er dobla dei siste 20 åra, og andelen under fattigdomsgrensa er redusert frå 59 % i 2001 til 45 % i 2011. President Kagame har vore pådrivar for fleire visjonære «government plans» for eit moderne Rwanda, og ønsker å få økonomien over frå jordbruk til teknologi og kunnskap.

Etter lunsjen på «Hotel des mille Collines», kjend frå filmen, køyrer vi 4-5 timer nordvestover mot grensa til Kongo og Uganda. I Virungafjella, eit massivt fjellområde på 433 km2, ligg Volcanoes National Park, som er den rwandesiske delen av fjellmassivet. I dei grøderike fjellsidene i høgder frå 2400 til 4507 moh. bor fjellgorillaene. Dei har vore utrydningstrua i mange år. I 1960, då  legendariske George Schallert forska på dei, fanst det rundt 450 individ. Dian «Gorillas in the mist» Fossey tok over etter Schallert, og fekk eit heilt spesielt forhold til gorillaene på 1960-talet. Talet på gorillaer var nede i 250 i 1971-73, også på grunn av den omfattande borgarkrigen i Kongo på 1960-talet. I 2003, 9 år etter borgarkrigen i Rwanda, var talet oppe igjen i 380. Kjelder understrekar den gledelege utviklinga ved å vise til tal så høge som 880, fordelt på 36 familiar av gorillaer, 17 av desse i Rwanda, som dermed har ein tredel av alle fjellgorillaer i verda.

Alle turar i regnskogen er nøye regulerte, og startar med registrering i landsbyen Kinigi der tilgangskredita blir gitt. Avgang skjer frå små landsbyar lenger oppe i fjellet. Vi vandra i ein og ein halv time langs små jordbruksatteleger og etter kvart i lauvskog med raud maur i skogbotnen, og stikkande nesler i buskane. Etter ei stund poppar det fram ein nysgjerrig unggorilla, som gir prov på at Umubanofamilien, ei gruppe på 11 individ, er i nærleiken. Familien består av 1 silverback, 1 blackback, hoer, ungdomar og barn. Fjellgorillahannane kan bli nesten 200 kilo og oppmot 1.80 høge, medan hoene blir oppmot 1.65 og rundt 110 kilo.

Både stifinnarar og folk med våpen følgde oss, men alt la seg i bakgrunnen når vi var saman med gorillaene. Gorillaene var rolege, avslappa og leikne når vi viste respekt, og laga ikkje rare lydar. Det var ei nyting å vere saman med desse primata i ein time, medan dei rulla seg ned skogbotnen, eller la seg til på ryggen for å nyte livet. Eg var ikkje redd, men blei overraska då den store blackbacken sneia meg medan eg filma. Vi vandra tilbake til landsbyen etter ein rast med nøter og kjeks, godt fornøgde med utflukta.

Mange tenker instinktivt ebola, massemord og stammekrigar når land i Afrika blir omtala. Dette er kanskje ikkje så rart. Eit av hovedpoenga med å reise må imidlertid vere at det opner opp for kompleksiteten i nasjonale, kulturelle og geografiske skilnader, men at det samtidig også gir ei erkjenning av likheita mellom menneska. Det er noko grunnleggande likt mellom menneska som det er viktig å foredle, slik at den fredelege sida kan kome i forgrunnen, og ikkje splitting, maktkampar, feider og hegemoni. Her kan vi kanskje lære noko av fjellgorillaene i dei grøderike skogane langs Virungafjella.

Egil Øvrelid